Høgfjellskameratanes SuperCup

 

 
Årsfest i SuperCupen 1997 
på gamle Vossevangen Hotel
 
Prolog, psykolog eller psykologi
det treng ikkje me som er flinke på ski
"To be or not to be"
er spørsmål om tyngda på ytterski
Om humøret skrantar og livet går skakt
finn du sikkert ein staur som er støttekontakt
 
Velkomen til fest - kameratar av høge fjell
og ekstra vel-møtt til programleiar Kjell
På festen i kveld skal han styra ordet
i alle fall fram til han ligg under bordet
Er me heldig så viser han gamle triks
ei forsikring som kostar null og nix
 
Ja du kjenner vel Kjell, han som står på auksjon
og byr fram ein gamal tulle-telefon
Han har verkeleg sans for det gamle antikke
og har stav utan trinse som pilke-stikke
Ein kjem alltids på skjermen, men blir neppe rik
av å tygga drøv på Johannes Kleppevik
 
Men før me starta på sjølve festen
pokal til dei fleste og diplom til resten
Moro og kappestrid som han sa - generalen
før han hekta og helsa på horisontalen
Det var kjekt at Norge Rundt kom til slutt
for å filma min siste sesong som rekrutt
 
Før - sat me der inne i Skrompestova
kom ikkje heim klokka to, slik me hadde lova
Seint eller tidleg, ja fram til presten si preike
sat me der bakfulle, blakke og bleike
Fyrst når Aarsnesen starta orgelbruset
gjekk me ut - på skrå bak Haalandshuset
 
Og når klokkaren streva med ny liturgi
Bonangergata - på leiting etter den smale sti
Ein kjenner seg mest som Den Bortkomne Sonen
når ein ikkje ser forskjell på sola og månen
Og når trua på syndeforlating - er forleten
ein stiltrar seg inn - helst i eitt med tapeten
 
No er Vossevangen Hotel blitt anneks
meir som bislag i Park sitt Hotel-kompleks
og Skrompen er blitt den moderne stallen
for Risikototo og slike med berre hest i skallen
Gamle Iversen han er blitt pensjonist
og resepsjonen butikk for japansk turist
 
Og eg har slutta å gå på Hotel
og glaner på fjernsyn kvar bidige kveld
Det einaste no som gjer hugen mett
er DaCapo frå Bergen og Sett og Frett
Eg er glad i god mat og ei flaske brus
me er blitt stovegrisar - eg og han pus
 
Eg kjenner meg ofte i slekt med katta
som var ute på rek heile fredagsnatta
Det var kjekt å fara slik ute om kvelden
det var før han blei operert av Skjelde'n
Han er ikkje no like annig og tent
og reknar seg meir som ein konsulent
 
No er det slutt på gamle tider
med Vossa-øl og Hardanger-cider
I morgo skal eg bort å høyra på ? - forresten
fyrst vil eg ha med meg SuperCup-festen
Her er det leik med tango og vals
og kan hende må nokon ut å gje hals
 
Hvis kåno blir vrang og ikkje vil dansa
kom bort i baren og ta deg ein Hansa
Her kan du fortelja om då du var splint
og om kvinnfolk som støtt og stadig er sint
Å din tosk og din stut - å eg vetto so galen
Berre sei som dei gamle: Der røyk pokalen
 
Det er øl og dram til ein gamal slitar
og konjakk og kaffi med sukkerbitar
Kjøp lodd, kjøp lodd - du kan vinna ofte
for Ståle har rydda på Bua-loftet
Hvis du får deg eit nummer i livets basar
er ekstragevinsten, å bli mor eller far
 
Til slutt, når det er blitt natt og du vil sova
må du reisa rett heim til di eiga stova
Ring 11 3 40 - det kostar ei krone
men ! - berre ta med di eiga kone
Så når festen er slutt her i stova til Bruse
legg skia på loftet og la humla suse
 
Så takk for i vinter og takk for i år
sjå ute i kveld - det er jo blitt vår !
Eg er sikker no, på at våren er her
for i auga mitt, sit ein liten grå stær.
Stein april 1997

Startside Opp

Innhald og form: ludopil design    drift: nettstyrar          Denne sida er sist oppdatert den 20.01.2001