Høgfjellskameratanes SuperCup

 

Prolog

(revidert til skiseksa 1997)

 
Til deg som er Halling, Vossing og Stril
eller nyleg innvandra ekte Tamil
Er du blitt vaksen og grå i håret
med ring rundt magen og stiv i låret
Eller brei over baken og slapp i puppen
ja, då kan du bli med i SuperCupen
 
Når veka er over og sofaen lokkar
riv deg laus og ta på deg sokkar
Lat stovegrisane fyra på peisen
for me skal til fjells med kommune-heisen
Kom ut og ta fri frå skrivebordet
bli med Bjarne B. ifrå Lensmannskontoret.
 
Lat det no ikkje vera med tanken
betal til Gudny i Vekselbanken
Er du redd for at skia ikkje går fort
har dei smøring og voks på Endeve Sport
Du får deg eit nummer hjå Vangen Lirhus
og bremseveske i kjeller'n på Domus
 
Opp med heisen og still i kø
iallefall kjem du hvis det er snø
Både Magnhild og Ragnhild er med på kjøret
Og Gjertrud er den som har beste humøret
"Sjå her kjem ein kar ifrå BHV
- eg kjende deg mest ikkje att med kle" !
 
Og Jernbanefolka rake i ryggen
køyrer som hadde dei bak seg styggen
Dei svingar seg utfor som var det på skinner
og drøymer om topp premierte kvinner
Om damer med høghæla Salomonsko
og om ekstratur med 602
 
Klart for ny løpar - Løpar ut !
Caroline Cafe kjem etter han Knut
Taktisk opplegg - nett som i poker:
"Pass deg Hjalmar, det er grusomme groper"
Kyss meg bak og dra meg i barten
Fuglehaugen har juksa med starten
 
I slalom og fartsrenn er innsatsen stor
med stil ifrå Domus og Teknisk kontor
Problemet er at løypa til Een
ikkje er godkjend i plankomiteen
Det er særleg etter målpassering
at start 63 vil ha ordna parkering
 
Me møter i løypa med motivasjon
amatørar og dei som har stor ambisjon
Til dømes eg og han Ivar Seim:
Eg køyrer "safe" og vil vel-berga heim
men Ivar han satsar, og er best når det gjelder
for han veit at det ikkje er strødd her heller
 
Så, ta med deg koppen og rulletobakken
for me har solbær-saft i bakken
sånn cirka ein fire-fem veker bak jul
med Alfa og Bjarne og Tidemann Gul
Me har vår eigen Sesam Stasjon
På skiseksa sist blei han Ola` kanon
 
Men før me går heim under måne og stjerne
så har eg ei bøn frå den Harde Kjerne:
- Tauser og damer frå seksti til fjorten
ver ekstra forsiktig i siste porten
for i løypene her mellom Bergen og Finse
går SuperMen rundt med stav utan trinse.
 
Ivar Tråstølen

og kva med ein prolog til ?

Startside Opp

Innhald og form: ludopil design    drift: nettstyrar          Denne sida er sist oppdatert den 03.08.2003