Vossameistarskapen i alpint 2002
Disiplin: Slalåm
Arrangør: IL Ørnar / Voss IL
Bavallen 3. mars 2002
|
Det vert kåra Vossameistrar i slalåm for gutar og jenter i
klassane 11-12 år, 13-14 år og 15-16 år (junior 1).
I Vossameisterskapen er det også deltakarar i klassane 7 år og
yngre , 8 år, 9 år og 10 år og 17-19 år (junior 2) og herrar og
damer, men her vert det ikkje kåra Vossameistrar.
Det deltok 83 løparar i rennet.
Yngste deltakar var 3 år, og køyrde åleine ned løypa, og eldste
deltakarar er pensjonist, så spennvidda er stor.
Rennet vart avvikla under like og gode tilhøve, men snøværet natt
til søndag og utover formiddagen førte til at dei om lag 50
funksjonærane fekk ein stri jobb, men som alltid gjorde
funksjonærane ein svært god innsats og løypene vart gode og
avviklinga av rennet gjekk greitt. Det møtte mange foreldre,
besteforeldre og slektningar som tilskodarar og dei var med å skape
ei triveleg ramme kring arrangementet i Bavallen. (v/Nils A.)