Høgfjellskameratanes SuperCup

 

Kor blei det av Påskeharen?

Hoggorm (Vipera berus) - einaste viltlevande giftslangen i Norden.

Eg meiner dette må vera ei ho og også eit stort eksemplar av arten,
 maks storleik for arten (ho) er rekna under 90cm.
Hoggormen er vekselvarm, aktiviteten er såleis heilt avhengig av temperaturen i omgjevnadane.  Hoggormen kan ikkje høyra, men registrerer vibrasjonar og
har særs god luktesans.
 
Hoggormen overvintrar gjerne ved å samla seg i bol, kan her vera i hundretals.  
Mine grand-onklar Stein og Peder fortalde at dei fann eit slikt stort ormabol
under tunnelldriving på Sørlandsbana.
  
Alle våre 3 norske slangar; hoggorm, buorm og slettsnok er freda. 
(og til folkeopplysing; Stålorm Anguis fragilis ikkje ein slange, men i artsfamilie øgler).
Kjelde:  Skien Gymnas - Naturfaglina  
 
Hoggormen finn du også på Voss, ta deg ein vårtur i lia under Hanguren.
 
Eg møtte denne hoggormen som samla solvarme på ei tue av gamle nåler under ei sprakebusk,
eit steinkast oppom heimabøen på garden Skeie - med utsikt mot Snilstveitøy og Stord.

Skeie - Seimsfoss   Foto 09.04.09  Stein

Innhald og form: ludopil design    drift: nettstyrar          Denne sida er sist oppdatert den 21.07.2010