Høgfjellskameratanes SuperCup

 

 

Stryketips for SuperMen

  Nokre av oss deler hus og postkasse med koner som har fått med seg ymse ballast i brurekista.  Døme kan vera oldebesto si lefseoppskrift - ei fin arv som ein  inngifta SuperMan kan ha ei god, bilateral (mage-kjensla?) gleda av.  Innimydlo ynskjer me då kanhende å gje noko heimsleg attende - i tillegg til vedhogsten og hjulbyte på konebilen.  Dersom du og kjenner trong for å samla nokre ekstrapoeng no før fiskesesongen eller spara opp litt til haustjakta, kan du jo overraska med å baka ei spanande ostekake til 17.mai, eller kva med å ta fram gamle kunster frå heimkunnskaps-timen og tilby å sy ut bunaden til kåno? - ikkje det nei.

Eit mindre vågalt alternativ, kan då vera stryking - dvs. praktisk bruk av strykejern.  I desse maidagane er det jo mykje styr med staskle på gilde dagar.  Her har me samla litt kunnskap og noko meir kan du kanskje finna på andre sider på Internett (Husmorskulen er jo diverre for lenge sidan vekk-reformert).

 

Internett-skule for tekstil-stryking

(Du kan ha på deg vanlege innekle og tøflar, og treng ikkje mobiltelefon)

Set fram strykejernet på vanleg måte og koble til straumnettet

Gå ut av rommet (men ta deg gjerne ein tur ut med bio-boset  = ekstrapoeng!)

Gå så tilbake til strykerommet og kjenn etter på lukta:

Dersom du blir opphissa eller glad? - truleg luktar det Swix eller Cera

Du har nok gått feil frå starten av!

(alternativt - om du alt har opna øl-boksen, kan du berre halda fram på vanleg måte og voksa slalåmskia slik at solen ikkje tørkar ut til neste sesong, og prøva vidare med kurset neste kveld)

Gå ut av garasjen eller smørebua (hugs å kopla frå straumen), og inn att i heimen

Finn fram det aller nyaste strykejernet (om du må leita litt, må du lata som ingenting og plystra ein munter og kjekk melodi td. Gammel Jegermarsj - men hugs for all del;  ikkje spør kåno!)

Set inn støpselet i kontakten ein gong til

Sjå etter dusjeflasko - td. rett framføre deg oppå varmtvatnsbehaldaren eller på ein annan heilt usynleg stad

Fyll passeleg med vatn i dusjeflasko, men du treng ikkje såpepulver! (vidarekomne med spisskompetanse innan damp-styrkejern kan her klikka Ctrl-Alt-Delete, slå av datamaskina og heller prøva seg på ostekaka)

Still inn brytaren på strykejernet (liknar på temp-brytaren på dash-bordet i bilen) - og prøv no litt forsiktig i byrjinga, med to prikkar (gjeld berre analoge strykejern)

Når den grøne lampa har slokna, er strykejernet klart til bruk

Eit høveleg strykeobjekt kan gjerne vera ei lokal 17. mai-sløyfe (du finn ho kanskje i venstre-lomma på 17.mai-frakken frå ifjor eller øvst i kleskåpet saman med påske-egga, eller i tuppervare-boksen i hylla under dei keramiske jolanissane)

Som underlag for slik tekstil-stryking er det aller best med eit særskild strykebord (sjå under kles-haugen der du til vanleg legg frå deg buksa og t-skjorta - dersom du ikkje finn noko her, kan du leggja eit frotte-laken oppå vaskemaskino.  Dersom du ikkje veit kva eit frotte-laken er, kan du også koma frå det på skapleg vis med å nytta t-skjorta som strykeunderlag)

Eit gamalt og godt tips / BackUp-stroking (dvs. det lure Kong Haakon-stryke-knepet / både han og kåno var jo innvandrarar og kunne nok fint lite om 17.mai-sløyfer då dei kom til Norge, så dette stryke-trikset kjem nok ganske sikkert importert frå Danmark eller England), - knepet er å både dusje og stryke sløyfa frå baksida - for då blir ikkje den typiske iron-side-glansen synleg på framsida - og det er jo på alle måtar framsida som er viktig for oss Nordmenn - på slike strålande maidagar!

Prøv deg fram! - rekkefylgja på den blå, kvite eller raude er ikkje avgjerande

Når du er nøgd med resultatet, heng sløyfa opp attmed bunadskjorta til kåno og lat som ingen ting!

Lukka til og Gratulere med dagen!

Hurra, Hurra, Hurra!

ludopil design © - undervisning 

Snik-lesarar kan klikka her for meir Hot-Stuff

tilbake på lagore eller til startsida

Innhald og form: ludopil design    drift: nettstyrar          Denne sida er sist oppdatert den 21.07.2010