Høgfjellskameratanes SuperCup

 

STAURGALE - 001

kva er det med deg - Hjalmar! - les du ikkje e-posten din?

Lysing i Hordaland for nokre år sidan: 

Hushjelp søkjer post - Helst hjå ein med lite stell !

og Kjell Fuglehaug utfordrar med dette Hjalmar Aarsheim

 

Personleg

Og så var det enkjemannen som etter lang, lang omrømingstid - slo på tråden til by-avisa for å tinga ei personleg-lysing.  Han kom jo i stuss, når den hyggelege damerøysta i annonseavdelinga spurde om han ynskte seg ei eller to spalter?

og Stein Hanto utfordrar med dette Kjell Fuglehaug

 

Redaksjonen startar med dette den nye Sommar-spalta:

STAURGALE - 001:

Regelen kan td. vera slik at bokstavStein her og no sender ei utfordring til Rallarvegmopedisten Kjell Fuglehaug (snart medlem i TempoKlubben?).  Samstundes varslar eg Kjell via e-post om dette.  Sidan må Kjell fylgja opp og finna ein ny kandidat (nokon med e-postkasse eller ei slik grønmåla langt-langt-langt-langt bort i skogen/vegen - spør evt. Post-Distribusjon v/Start 53 - Terje Høyland).  Og dersom Kjell Superstartar no ikkje er vaken nok og fylgjer denne oppmodinga, vil nesten bortimot alle lesarane om få dagar senda ufyselege postkost eller negativt lada elektroniske e-postmeldingar med ekle TV-Norge-virus til:  kjell.fuglehaug@nrk.no

(Reknar med at du fekk med deg intensjonen eller Program-ideen, Kjell?)

Friske framlegg til meir gale kan sendast til: galenok@supercupen.com

 

Redaksjonen finn det heldigvis nok ein gong naudsynt å koma med ei hyggeleg påminning til lesarane om at SuperCupen ikkje er noko vanleg Donald Duck-meisterskap eller World Cup - men ein utruleg kjekk Dugnad!

Alle lesarane har difor høve å hjelpa til med å laga  heimesider - så som; artige bilete med kommentarar, skriving av sannsoger eller noko anna løye som de sjølve kan finna på.

 

tilbake

Innhald og form: ludopil design    drift: nettstyrar          Denne sida er sist oppdatert den 21.07.2010