Slipskurs for
SuperMen
Dette hyperaktive Internett-kurset
er døgn-ope for alle SuperMen og vidarekomne (Rekruttane
våre /Den Harde Kjerne, vil nok lura seg til å tjuv-sjå desse sidene,
men bør vel halda seg til strikk-slipset til dei og blir skikkeleg
vaksne). For deg som er SuperMan kan det gje litt
ekstra, dersom du har vore gjennom Stryke-skulen
/ Iron-side-kurset - i utgangspunktet tenkt som eit førebuande
kurs (med målgruppe 2. avdeling /tyngre junior) - men er sjølvsagt
ikkje noko krav for å fylgja dette Slipskurset:
(Som eit lite tips til
kursdeltakarane, kan me føreslå at du henger opp desse sidene på innsida av
kleskåpet - slik at du kan øva deg også i kvardagen, men det vil nok vera
lurt å fyrst ta ei papir-utskrift. NB! Kurset er også
tilrettelagt for keiv-hendte / sjå bileta og les teksten bakifrå/framover).
Leksjon 1 - Four in hand (seint på 1800-talet)

1. Kryss den lange enden av slipset over den
korte 2. Ta så den lange enden av slipset under den
korte 3. Kryss den lange enden av slipset mot høgre og over
den korte enden 4. Skuv så den lange enden opp gjennom
halslinninga 5. Avslutt med å føra den lange enden av
slipset ned gjennom slipsknuten og stram forsiktig til.
Ein tilsynelatande kjapp og
enkel knute, men kanskje langt før si tid (funkis?). Four in hand stiller høge krav til
korrekt stryking med ein relativt tolmodig
stryke-temperatur (maks. ein analog prikk).
Leksjon 2 - Windsor-knuten (1936)

1. Lat den breie enden av slipset henga omlag 30cm nedante
den smale enden. Kryss den breie enden av slipset over, og sidan attende
under den korte enden. 2. Før den breie enden av slipset
i ei sløyfe ned i halslinninga og ut på høgre side. 3. Ta den
breie enden og før opp, rundt og ned i halslinninga i ei
sløyfe på høgre side. 4. Kryss den breie enden over på venstre
sida og opp i halslinninga. 5. Før så den breie enden ned
gjennom slipsknuten og sentrer, og stram så knuten varsamt.
Ein noko meir komplisert knute,
og særleg trinn 3 - stiller litt skjerpa krav til fintfølande
handalag (kognitiv motorikk?). Ein
handverksmessig gjennomført Windsor-knute kan du rakrygga og byrgt
visa fram - anten det no gjeld krinsmøte i Samvirkelaget eller
verds-kongress i Rotary.
Leksjon 3 - Half Windsor(1936)

1. Lat den breie enden av slipset henga omlag 30
cm nedante den smale enden. Kryss den breie enden over og sidan attende
under den korte enden. 2. Ta den breie enden og før denne i ei
lykkja ned i halslinninga på venstre sida. 3. Kryss den breie
enden på tvers over slipsknuten. 4. Ta så den breie enden opp i
halslinninga. 5. Før den breie enden av slipset ned gjennom
knuten, og stram varsamt til slik at slipset kjem tett inntil
skjortekragen.
Denne knuten er av dei
kondisjonerte, rekna som den klassiske aristokraten. Prins Charles
brukte denne sist han var på besøk på Bulken
Leksjon 4 - Pratt (1989)

1. Kryss den korte enden av slipset over den breie
enden. 2. Før den breie enden i ei sløyfe ned i halslinninga. 3.
Kryss den breie enden av slipset over slipsknuten mot høgre. 4. Ta den
breie enden av slipset i ei løkke opp gjennom halslinninga. 5. Før den
breie enden av slipset ned gjennom knuten og stram så varsamt til.
Denne Pratt er ein skikkeleg
luring - metoden med å starta på vranga er verkeleg noko for seg
sjølv. Denne knuten må du berre øva inn - har du denne
"inne", vil du garantert bli rekna som ein ekte
slipsknute-spesialist. Lukka til!
************
Slipskurs for SuperMen er
inndelt i 4 leksjonar - alle med farge-illustrasjon og
forklarande tekst (nynorsk omsetjing ved Ivar
T./slipsmeklar). Leksjon 1. vil forklara ein tidleg
variant, Four in hand - seint på 1800-talet, leksjon 2 er Windsor-knuten (1936), vidare den samtidige Half
Windsor (1936) og til slutt i leksjon 4. - den ganske
så moderne Pratt (1989). I
tillegg til desse 4 klassikarane, kan me på førespurnad - tilby
meir avanserte modellar for dei som ynskjer å gå
vidare. Døme kan vera dei seks nye slipsknutane som Thomas
Fink og Yong Mao ved Cambridge University`s Cavendish Laboratory har
utvikla ved bruk av ein matematisk modell - truleg dei fyrste sidan
Pratt.
Fylg med på heimesidene
-
folkeopplysning i beste meining etter Hallesby, Evang, Gerhardsen, Munthe,
Davik og Reidar(set føtene saman)Morseth
ludopil
design © - undervisning 2001