Høgfjellskameratanes SuperCup

 

 

Årsmelding 2002 - sjå nede på sida.

Referat frå Generalforsamling  den 2. desember 2002.
 
1.      Innkalling til Generalforsamling godkjent.
 
2.      Årsmelding for 2002 godkjent med merknader.
 
3.      Rekneskap for 2002 godkjent utan merknader.
 
4.      Val.  Desse vart valde inn i Direksjonen for sesong 2003:
 
General                                      Anita Brekke         
Avtroppende general                    Arnstein Haugum
Livsvarig medlem av 1.styremøte    Hallstein Finne
Kasserer                                    Tor-Håvard Brekke         
Festsjef                                     Inger Johanne Seim
Styremedlem                               Brynjulf Ringheim                         
Styremedlem                               Siri Øi Tharaldsen                      
Resultat, web ansvarleg                Stein Hanto
Revisor                                      Jan Arveschoug
  
5.       Innkomne framlegg. 
 
Collagegenser / ullfrotte.
Me vil satse på ein ny runde med sal av collage-genserar og/eller ullfotte. Hallstein Finne, Tor-Håvard Brekke og Stein Hanto undersøkjer merke, pris og aktuelle sponsorar.
 
Svingkurs.
Me vil prøve og dra i gang eit svingkurs i passering av portar for nybyrjarar og andre som måtte ynskje det. Kurset vert halde på Myra laurdag 28. desember og er gratis. Me ynskjer at Sigbjørn Dugstad og Inger Johanne Seim er instruktørar på kurset.
 
Kulturarven.
Filmar og video frå tidlegare sesongar blei sist sesong spora opp. Hallstein vil også denne sesongen halde fram med å nøste inn god gamal kulturhistorie.
 
Sikring.
Me ser det som naudsynt å ha fokus på sikring under avvikling av renn. I og med at skiskulen nyttar dei same bakkane som oss, vil me i fyrste omgang distribuere terminlista til dei.
 
Sesongkort.
Ei aktuell problemstilling var om fleire Høgfjellkameratar kunne tenke seg å investere i sesongkort?  Dersom me blei mange nok, kunne me da forhandle fram ei løysing som begge partar var tent med?
Vedtak: Generalforsamlinga var samde i at direksjonen ikkje skulle gjere nokon framstøyt inneverande sesong, men heller lage til ei spørjeundersøking rundt årsfesten for så å finne ut om dette kunne vere aktuelt til neste sesong
 6.     Statuttane vart godkjent med slik endring:
I storslalåm vert det kun køyrt ein omgang. Start kl. 1500.
 
Referent: Arnstein og Anita

************************************

Årsmelding.  
Høgfjellskameratane´s Supercup 2002.  27.sesong.
 
Direksjonen dette året har vore:
 
Arnstein Haugum      - general
Marianne Sværen      - avtroppande general
Hallstein Finne         - livsvarig styremedlem av 1. styremøte
Tor-Håvard Brekke    - kasserar
Anita Brekke            - festsjef
Kjersti Vik               - styremedlem
Brynjulf Ringheim      - styremedlem
Stein Hanto             - resultat og heimesider (langvarig medlem)
Jan Arveschoug       - revisor
 
 
Møter og saker i direksjonen.
Gjennom sesongen har direksjonen halde 3 møter, og sakene har i hovudsak hatt fokus på planlegging, tilrettelegging og koordinering av aktivitetar i cupen. Alle har teke ansvar for sine ”departement” og har gjort ein god jobb.
 
 
Sponsorar.
Sponsorane er viktige samarbeidspartnarar og i denne sesongen har fylgjande bedrifter og verksemder støtta cupen. Sponsorane har støtta oss i annonsar, rekvisittar, porto, premiar og gåver:
 
-  Byggmeister Hanto og Langesæter AS
-  Prenteverket
-  HMV Bilsenter                     
-  Vekselbanken                         
-  Gjensidig Nor                
-  Vossevangen Servicesenter
-  Arkitektbruket               
-  Hordaland Optometrie og Kontaktlinseinstitutt
-  NSB                            
-  Nytun Agentur
-  Vesta
-  Bavallstunet
Økonomi.
Syner til eige vedlegg og rekneskap.
 
Oppsummering og viktige hendingar.
 
Rekruttering og deltakarar.
Nye ”høgfjellskameratar” er alltid velkomene og er viktig personar for å oppretthalde breidda i cupen. Direksjonen har hatt eit overordna mål med å gjere desse synlege. Difor har dei tidleg fått ansvar og oppgåver knytt til renn og andre aktivitetar i cupen. Tilbakemeldinga har vore positiv. 
I år har 87 personar delteke i cupen. Dugnadsonden har vore god og gjennomføringa av renna har gått greitt.
 
 
Renn.
Alle 8 renn har gått som planlagt og i høve til terminlista. Også denne sesongen måtte me tilpassa det fyrste rennet. Snjotilhøva på Myra gjorde sitt til at me måtte flytta det fyrste rennet nede i Bavallen. Fjellheisane er ein viktig samarbeidspartnar i cupen. Dei ynskjer helst at me samordnar renna med kveldskøyringa. Dette er ein årleg forhandlingssak med heisane.
 
Renn      Dag/dato             Start      Disiplin                 Stad                   Deltakarar
                                     
1. renn     4. januar            18.30     slalåm                  Myra             53                
2. renn   11. januar            18.30     slalåm                  Myra                   55
3. renn   18. januar            18.30     slalåm                  Myra                   56
4. renn   25. januar            18.30     slalåm                  Myra                   56
5. renn     9. februar           15.00     fartsrenn              Tråstølen             42
6. renn     2. mars              15.00     storslalåm            Tråstølen             50
7. renn   10. mars              15.00     fartsrenn              Tråstølen             46
8. renn   16. mars              15.00     parallellslalåm        Myra                   48
 
Me har hatt eit snitt på 50 deltakarar pr. renn gjennom sesongen. Kveldsrenna syner å vere dei mest attraktive med noko høgare deltaking. Sjølve avviklinga av renna har gått greitt.
 
Sosialt samvære / festar.
I Supercupen sine lange tradisjonar har sosialt samvær høg prioritet. Også denne sesongen har avspeila det. Med god planlegging og tilrettelegging, skal festsjefen ha all æra for dei festlege samkome gjennom sesongen.
 
Festlege samkome har vore:
Skiseksa etter 4. renn den 25. januar var me samla 39 deltakar i varmestova.
Uformell sesongavslutning etter siste renn i Bavallstunet.
Årsfesten den 13. april på Kringsjå pensjonat var me 43 til bords.
 
Felles for alle arrangementa er at dei gjenspeilar gode tradisjonar og kulturelle innslag på eit høgt nivå.
 
 
Pokalar.
”Slitaren” gjekk i år til Nils Akselberg for god innsats på alle arenaer gjennom heile sesongen. Familiepokalen gjekk også i år til Astrid og Nils Akselberg.
 
 
Samarbeid med Voss / Ørnar alpint.
Voss / Ørnar alpint er ein vesentleg og viktig samarbeidspartnar for supercupen. Dei har vore velvillige og stilt med ressursar (scooter) som har letta avviklinga av renna. Som ei gjennyting har supercupen også denne sesongen stilt med mannskap til avvikling av det årlege fis renn.
 
 
Veteran nm.
”Veteranane” er våre ambassadørar utatt og må ikkje gløymast i denne samanheng. Dei ”speglar” Supercupen utatt på ein måte som gjer at ”aktive veteranar” rundt i det langstrakte land misunnar vår arena og det gode miljø me har i cupen.
 
 
Web og resultatservice.
Heimesidene er vårt vindauga utatt. Her vert det lagt ned masse tid og arbeid. Formidling av tekst og bildar er ”lett og ledig” og helt i tråd med supercupen sin intensjonar om at det heile handlar om å ha det moro på ski. Aktiv bruk av web til formidling av resultat syner seg å vere ein tidsriktig og effektiv måte til å distribuere resultat på.
 
Framlegg til Direksjon for 2003 – 28. sesong:
 
General                                     Anita Brekke           
Avtroppende general                    Arnstein Haugum
Livsvarig medlem av 1.styremøte.   Hallstein Finne
Kasserer                                    Tor-Håvard Brekke   
Festsjef                                    Inger Johanne Seim
Styremedlem                              Brynjulf Ringheim                        
Styremedlem                              Siri Øi Tharaldsen                       
Resultat, web ansvarlig.               Stein Hanto
Revisor                                      Jan Arveschoug
 
Borstrondi 2.12.02
 
Arnstein Haugum
Avtroppande General 

Innhald og form: ludopil design    drift: nettstyrar          Denne sida er sist oppdatert den 21.07.2010