- Til minne om Olav Skeie
-
|
-
- Me køyre med jakka, alle, seier
han.
-
- Det er ein nydelig klar og kald
fredagskveld. Myre er nypreparert og Bavallen ligg bada i
flomlys. Løypa er sett og startkøen snor seg nedover.
-
- Orda tilhøyrer Olav Skeie, han står
som vanleg og lener seg over stavane og gyngar rolig fram og
tilbake.
- Kan ikkje køyra utan jakka når det
er so kaldt, konkurransemannen har starta spelet.
- Ska du køyra utan jakka? Det
er spøking og trekking, men heile tida sit latteren laust.
- Og det er latteren, det lune smilet
og orda, orda som kjem rolig og sakte, men med ein liten snert.
-
- Dette vil me hugsa. Det er som
eit høgdepunkt i seg sjølv. Denne leikne måten å psyke
kvarandre ut på. I køen er det sosial moro, venskaplig
erting og trekking før kappestriden.
|
 |
- Men alt – heile tida - med ein
undertone av konkurransen i seg. Og med noko skjult for oss
andre i lomma, det hemmeliga som skal under skina rett før
start.
- Har du smurt og elle? Eg har
kje hatt tid, men eg har denne. Voksen
kjem ut av lomma og me får eit lite glimt, før handa lukkar
seg. Den få kje du låna, veit du ka han kosta elle…?
Skal eg hjelpa deg med god gli…
-
- Men tilslutt fekk du, om du ville
ha. Då kom smurninga fram igjen og vart delt med den som
ville ha. Men sjølvsagt med nokre nye kommentarar, nok ein
sjanse for å laga litt leik og leven kunne ikkje gå forbi.
Hjelpa fram ei latterkula og eit smil som me kunne varma oss på.
-
- Det blir nakent i køen utan deg
Olav. Men du vil vera med oss, dei gode minna vil me ha med
oss under gensaren.
-
- Og jakko, den slenge me av i siste
liten. Nett so deg.
-
- Våre tankar går i denne tunge tida
til Christine og borna, som har supercupen og skigleda felles med
oss.
-
- Me lyser fred over Olav Skeie sitt
minne.
-
- Høgfjellskameratane - Stig Hernes
|
|