Høgfjellskameratanes SuperCup

 

 

Start nr 1. i SuperCupen og medlem nr. 2. i Dolveskias Vener,
rundar år tysdag 23. mars 2004: 

Hordaland  29. mars 1950

 

og minst like stilig 53 år seinare - i Traastølsløypa ein laurdag i februar 2003

 

Trivnad i Myrkdalen mars 2004 ilag med gode kamerater;  Styrk, Brynjulf og Olaf

 

Sjølve dagen skal feirast ilag med næraste familie, Olaf ynskjer ikkje nok "styr".
 
Onsdag reiser Olaf og resten av Veteranane til VM i Trysil, då rekner me med at lagleiar Styrk og alle hine lagar mykje styr, både for Olaf og resten av deltakarane på Veteran NM.  
(PS - til Styrk;  Olaf'en er flink med orden på rommet, men litt utpå kvelden sjekkar han Minibaren (peanøtter/saltsjuk? - nett sjodna smalen).
 
Lukka til med alle renn og også med Banketten; - gjer som vanleg/gje lyd! - då gjer de stas på Voss og det unike miljøet me har laga oss her heime.
 
Direksjonen 2004 sender sine varmaste gratulasjonar til dugnadsmannen, skiløparen og Høgfjellskameraten Olaf!
 
Me gler oss til mange nye dagar i løypa og gilde samkome (hugs Årsfesten!)

for Direksjonen 2004 - Stein

Startside

Innhald og form: ludopil design    drift: nettstyrar          Denne sida er sist oppdatert den 21.07.2010