Høgfjellskameratanes SuperCup

 

 

Generalforsamling - døme på referat

Referat frå Generalforsamling i Super Cupen - 26.11.97

Innkomne framlegg: 

Det var innan fristens utløp, innkome minst to håplause framlegg:

Framlegg 1:   (Framlegg etter oppmoding frå Hordaland Skikrins)

Det vert opna for eigen avdeling for Telemarkski.

Kort drøfting i salen.

Etter overtydande argumentasjon frå programsekretær Fuglehaug - som på ein bestemt, men   overraskande pedagogisk måte og med autentisk dialekt,  sette saka inn i det rette historiske perspektiv:

Framlegget er ikkje gjennomtenkt - ber om konsekvensanalyse. Saka er grunnleggjande alvorleg - må avgjerast i generalforsamling. Konsekvensane kan bli krav om eiga klasse for hoppski, og i neste omgang krav om særskild dameklasse for hopp utan stav.     

Framlegget vart omgåande trekt tilbake då forslagstillaren - etter dette, innsåg at             framlegget var like meiningslaust som alkoholfritt øl.

Framlegg 2.     Annonym innsendar:

Det vert opna for høve til å ta med seg sin betre halvdel på Skiseksa.

Innstilling frå direksjonen:

Problemstillinga er uforståeleg.  Saka vert lagt fram utan tilråding.

Ingen i salen ynskte kommentar.

Vedtak:  Innkomne framlegg - sak 2:    Samrøystes avvist - votering ikkje naudsynt. 

Før generalforsamlinga hadde driftsingeniør Een foredrag om:

Preparering og smyrjing av utstyret

Stikkord:  

Þ   rigg av skrustikke

Þ   innsving

Þ   filing på runde kanta

Þ   sikling og feit smyrjing

Þ   tyngde framom

Þ   trykk på tuppen

Þ   vedlikehald av fjører og sikkerhet ved utløysing framme

Foredraget var engasjerande og lærerikt, og det var gledelig å sjå at det var møtt fram så mange interesserte damer.  Vanskeleg tema  -  men under ei enkelt bordseta etterpå, kom det fram at Grete og Gjertrud i alle fall hadde fått med seg det mest vesentlege: 

For å få grov struktur - må ein børste blanke messingen systematisk med fartsretningen, og hugsa på at temperaturen (på undersida) kan stiga med opptil 10 grader like før mål.  Slakk ut fjøra mellom sesongane ! 

helsing meldar

traastoelen.t@oe.no.atto.kanon.no

tilbake

Innhald og form: ludopil design    drift: nettstyrar          Denne sida er sist oppdatert den 21.07.2010