Høgfjellskameraten Morten
til minne |
 |
Fredag 22 juni blei det
kjent i bygda vår at Morten Lødøen var eine av dei to norske offiserane som mista livet i trafikkulukka i hovudstaden i
Tadsjikistan.
-
- Morten var på oppdrag for
OSSE (Organisasjonen for sikkerhet og samarbeid i Europa) og skulle berre
løysa av nestemann før heimreisa.
|
- Me trudde jo at Morten hadde
verdens farlegaste yrke - ekspert i opprydding av udetonerte bomber,
granatar og miner?
-
- Morten var ein rikt utrusta
mann. Høgfjellskameratane fekk kjenna Morten som ein som
sjølv såg og visste om den ekstra gleda ved dugnaden, anten det
var staurbæring, tidtaking eller loddsal på skiseksa.
- Morten sin natur var å
oppsøkja utfordringar og ansvar, både i arbeid og fritid. Morten
var også ein aktiv og engasjert lokalpolitikar.
-
- Det gjer oss så inderleg vondt
å skjøna at me neste vinter må sjå ein open plass i startkøen på Myra og ein
tom stol på skiseksa i Varmestova.
-
- Våre tankar går til dei
næraste i kvardagen.
-
- Høgfjellskameratane v/
Stein
|
|