Høgfjellskameratanes SuperCup

 

 

Til minne om Inge Grevle
 
Både supercupparar og aktive lagsalpinistar driv utandørsidrett og me overgjev oss på ein måte til vergudane sine luner.  Me må akseptera at idretten vår vert påverka av vergudar og klimaendringar, og at verdamene i TV2 av og til får rett når dei spår dårleg ver. Uvissa om kva tilhøve ein får på neste trening eller renn vil alltid liggja i bakhovudet på trenarar, funksjonærar og aktive.  

Det var difor trygt og godt å vita at ein kunne samarbeida med slike som han Inge Grevle.  Inge og hans kollegaer var ofte vår viktigaste garanti for eit vellukka skirenn.  Hadde me gjort ein avtale med Inge så kunne me kryssa av på den viktigaste delen av sjekklista vår og føla oss trygge. 

 
Bygging av startområdet, preparering av løyper og oppkøyring av funksjonærar ein grytidleg morgontime, vart slik me hadde avtalt. 
Me visste at Inge og karane hans hadde jobba ei lang natt for å få til gode forhold i bakken og
jammen var Inge på plass tidleg om morgonen også med eit lunt smil og ein god kommentar og ynskte oss god morgon då me kom i bakken.  Til og med spesialtransport av Supercupparar på fredagskveldar tidleg i januar, før Kong vinter hadde bestemt om det skulle vera kvitt eller grønt, vart utført slik me hadde avtalt.  Når Inge kom langs bakkekanten på snøscooter, visste me at me var i trygge hender. 

Høgfjellskameratanes Supercup og Voss/Ørnar Alpint har mange gode minne om Inge sin innsats for å laga gode tilhøve for at me skulle få leika oss på ski.  Hans lune veremåte og pliktoppfyllande arbeidsinnsats gjorde at det var kjekt og spørja han om ei teneste og ein var alltid trygg når noko var avtalt med Inge.  Ein kan ofte føla det som ei belastning å stadig måtta spørja folk om ei teneste og ei tilleggsyting, men med Inge var det kjekt, for han hadde alltid det svaret me vona å få - han var eit JA-menneske. 
 
For oss vil det bli eit stort sakn når Inge ikkje lenger vil møta oss i bakken. 
I desse tunge dagane går tankane våre til Marit og gutane, familie og arbeidskameratar.

Me lyser fred over Inge Grevle sitt minne.

Skivener - Nils Akselberg
 

Innhald og form: ludopil design    drift: nettstyrar          Denne sida er sist oppdatert den 21.07.2010