Høgfjellskameratanes SuperCup

 

 

TIL OPPSLAG

KJENNER DU HO GRO VALGJERD?

Dei fleste har møtt ho, men få har sett ho i lag!

Du har gått til ro etter ein heilt normal kveld på hotell og ser ljost på framtida; då kjem ho stiltrande lett på tå i vernesko-lussane sine. 
Ho har som vanleg med seg det ho treng i fyrstehjelpskofferten sin:  50-øringar, skiferhammar og avgifts-diesel. 

Fyrst tek ho alle kleda du hadde bretta så fint saman (medrekna slipset med teljekant!) - og røyser alt rundt på golvet, i gangen, stovo og på badet. Etterpå stengjer ho barnesikringsluftinga i soveromsglaset og tek på deg att danseskoa!  Så bytar ho ut alle papirpengane dine med 50-øringar, før ho slær deg i hovudet med skiferhammaren og til slutt støyrer avgift-diesel med humlasmak ned mellom mandlane dine. 

Og dersom du diverre ikkje kom heim heilt åleina, men hadde råka på og invitert med deg nokon du syns du fekk god dialog med - men ikkje heilt hugsa førenamnet på?  I god til før morgon-andakten vil GRO VALGJERD byta ut denne gode dialogen med ein fjernadoptert turboneger eller sør-same, eller nokon andre som snakkar tilnærma autentisk Setesdalsdialekt. 

Var det berre di skuld at det blei slik? 

Ryktet seier at GRO VALGJERD også som Norsk Standard kan gje deg semska tunge, laga plysjbelegg på amalgamfyllingane og dela ut heimetelefonnummeret ditt til ugilde personar på jernbanestasjonen, trekkspel-festivalar og/eller andre offentlege samlingsplassar med ureine toalett. 

Ikkje lat denne åtvaringa bli liggjande, men send vidare som ein mantra til alle du er glad i innan 5 veker for å sikre deg evig rabatt på Samvirkelaget.  Dersom du bryt kjeda, vil automatgiret på rullatoren din låsa seg, pacemakaren gå tom for reservebatteri og den plagsame øyresusen bli byta ut med ein evigvarande singel med Vidar Lønn Arnesen. 

Simultanoversetjing v/Ivar T.  - juli 2003

Startside

Innhald og form: ludopil design    drift: nettstyrar          Denne sida er sist oppdatert den 21.07.2010