Høgfjellskameratanes SuperCup

 

 

Skiseksa i Varmestova 26. januar 2001

Festsjefen inviterer til Skiseksa

i Varmestova i Bavallen

Fredag 26. januar - etter renn 3 og 4

Proteinrik mat og ymse sportsdrikke      Underhaldning (ved oss sjølve)

Loddsal med gilde vinstar

Parkering - heime

*Skiseksa tyder:  Eit måltid mat etter eit skirenn etter kl. 16.00 (kjelde: Jubileumshefte side 5)

Melding frå Festsjefen:

Vinstar til utlodding:  Direksjonen syter for innsamling av nokre vinstar, men dersom du vil vera heilt sikker på at det blir nok - kan du ta med ein sjølv.  Kanhende fekk du noko aldeles grusomt, forferdeleg fint til jol - eitkvart du diverre ikkje hadde bruk for / eller hadde frå før (td. ein sekk bjørkeved, ei pakke med papirbleier, kakespade i Telesylv, ei høne, ein bruktbil eller ein ny Skoda).  Og sjølvsagt kan du jo laga noko fint i sløyd-timen.  Ta med til Skiseksa, slik at det kan gleda nokon ein gong til!

utan fullmakt - Nedre Tråstølen Papp-Teater (sign.)

Eg arbeider aktivt for meir Papp-sløyd i småskulen!

helsing Sigbjørn - løypesetjar

og så kjem foto frå sjølve kvelden:

Men fyrst måtte me prøva og køyra nedatt frå Myra  *

 

Ymse førebuingar i sekretariatet

 

Stein og Nils - begge kallar seg alpinistar  *

 

Marianne General og Harry Trehjulsgut  *

 

Ann Helen ser på at Tor-Håvard fyller diesel  *

 

Generalen og festsjefen held orden i papira  #

 

Praten går livleg medan me ventar på maten  #

 

Kva skrøne har du no kome med - Harry ?  #

 

Jon og Ann Helen studerer forskjellen på "øl" og øl  #

 

Matserveringa i full gang 

 

Brit, Jan Egil og Nils forsyner seg av betasuppa til Dregelien  #

 

Bordseta med refleks (men no er det Oddvar si jakke!)

 

Mens mannen var ute etter øl   #

 

Bordseta utan refleks (legg merke til fotografen ved storevinduet --)

 

 -- for her er fotografen på hi sida av salen   #

 

Underhaldninga var nok ikkje med songkoret Refleks, men ---

 

-- vart som vanleg opna av ein Jon i kjempeslag  *

 

Det finns òg koselege måtar å selja lodd

 

Lars og Harry er visst samde om noko løye

 

Nokon er berre ute for å lufta seg, men Gudny og Inger vil heim   #

 

Martin fortel om sterilisering i Norge og Sverige, og bakom ventar Direksjonen på å koma igang med loddtrekkinga   #

 

og så kjem konkurransen:  Kva vert sagt her ?  Svar kan sendast til Palmafossen 

 

Og Nils var på kjøkenet og skramla med panner

Omlag 40 deltakarar på Skiseksa - fleire enn på mange år

foto merka * ved Martin,  merka # ved Tor-Håvard - resten av ludopil design ©

Startside Foto Renn 1 Foto Renn 2 Foto Renn 3 og 4 Foto Skiseksa Foto Renn 5 Foto Renn 6 Foto Renn 7 Foto Renn 8 Foto Renn 9

Innhald og form: ludopil design    drift: nettstyrar          Denne sida er sist oppdatert den 21.07.2010