Høgfjellskameratanes SuperCup

 

 

Renn 10 på Myra (Ytre Traastølen) laurdag 20. april 2002

Løypesetjar:  Ivar Traastølen

Antal portar:  1        Antal løparar: 1

(melding til Alpinstyret - nett og staur på Myra er no kome i hus)

Heimeside- og resultat-ansvarleg takkar med dette kvar og ein av Høgfjellskameratane for ein strålande sesong med gilde stunder på møte, skirenn og festar.  

Stor takk til digitalfotografane Martin, Sture, Tor-Håvard og Eirik. Takk også til Arnstein og Anita for nært og triveleg samarbeid.

-------

Etter renn 10 måtte løypesetjaren vedgå at det nok er langt meir stas å laga skirenn når me er fleire ilag.  

Heimeside-redaksjonen arbeider slik:  Nå alle andre er ferdig med dagens renn og går heim til støvsugaren eller MacGyver, då skal eg fyrst skriva inn resultatlista.  Ikkje så spanande - tal er jo så eksakte, langt meir gjevande er det med bilete og bokstavar. Den aller kjekkaste jobben kjem når bileta er ferdig redigert og det skal skrivast tekst og kommentarar!

Statistikken viser at i årets sesong har heimesidene vore besøkt av 33 lesarar pr. dag.  Kjekt for redaktøren at så mange brukar av arbeidstida si på cup-sidene! 

Heimesidene våre er operative heile året og sidene er også dine.  Bruk dei aktivt til meldingar, kjøp og sal, og til lått og løye.

Neste renn er kl. 19.00 på Myra fredag 3 (eller 10?) januar 2003

Ha ein fin taoe-2002, og hugs å ta deg friminutt!

aller beste helsing frå Stein

Innhald og form: ludopil design    drift: nettstyrar          Denne sida er sist oppdatert den 21.07.2010