Høgfjellskameratanes SuperCup

 

 

Renn 1 og 3

Fredag kveld

og endeleg Supercup renn for underteikna.

 

I år er det jubileum for Høgfjellskameratanes SuperCup,

Sesong nr 30 !

 

Mykje bilder er det vorte og sidan det er første kvelden for underteikna i løypa

så vert det ekstra mange bilder på nettsida denne gongen.

 

Byrjar med litt vinterstemning i Bavallen,

-- er glad for at sofaen vart bytta ut med slalomstøvlar i kveld -- :-))

 

 

Fine løyper.

 

 

Utdeling av startnummer til dei som ikkje var med første kvelden.

General Knut omtrent midt i bildet.

 

 

Nytt for året er skitrekket på myra, litt heiskø istaden for spaserturen opp til start.

 

 

Heisføreren  passer godt på oss som er kommen opp i klasse "tyngre junior" -- :-)))

 

 

Løypestikker 1

 

 

Løypestikker 2

 

Staurskruar.

Dersom det er nokon som lurer på kvifor me brukar staur som er med ledd og skrue

så er årsaka inspirasjon frå det som vert servert på fjernsynet frå alpin idrett -- :-)))

 

 

Staurberar i supercupen er ikkje alltid like lett --- :-)

 

 

Strate-ski møte før start.

 

 

General Knut kjem med oppmuntrande og litt alvårlege ord før start.

 

 

"Klar --- ferdig ---- kjør ---- "

frå ein av dei som har vore med alle 30 sesongane i Supercupen.

 

 

Så nokre bilder av målvaktene som er utstyrde med klokke, radio og blyant

 

-----

 

---- ( dette siste mål-bildet er til ære for guten som for anledning hadde ny sveis under hjelmen -- :-))   )

 

 

Mange familier som driv med alpin idrett ,

her to brør frå Skulestad området.

 

 

Far og datter.

 

 

Og ein familie som jaktar på Familie pokalen

( ein vandrepokal som det er byrja å verta bra konkuranse om ).

 

 

Til slutt på denne sida resultat frå strate-ski møtet før start ----

jau møtet virka det,  denne heimesidesnikkaren kom bak denne med-musikkant på lista --- :-))))

 

 

Side 2 frå rennet 21.01.05 i Supercupen.

 

Startkøen er vel gjerne det som er mest sosialt med denne cupen.

Ein del bilder nedover her uten tekst, bildene fortel meir enn tekst.

 

Byrjar med oversikt bilde av startkøen,

alle var ikkje med på bildet,

74 deltakarar i kveld.

 

 

Litt tekst her ------ løypeforklaring av ein veteran ------

er ikkje sikker på at underteikna ville fylgt retningen til den kvite staven -------- -- :-))))

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Litt tekst her også ---

var godt at reklamen under skia vart borte i blits lyset --- :-)))

 

 

 

 

 

 

 

Side 3 frå rennet 21.01.05 i Supercupen.

 

Så litt stil-studie frå løypa.

I Supercupen er "alle" med, dvs. frå dei med bakgrunn frå world-cup løyper

til dei som har bakgrunn frå akebakken "attom nòvè".

Underteikna stiller i siste kategori, men er kommen heil heim att denne gangen også -- :-)))

 

Ein del bilder nedover her, det meste uten tekst.

Byrjar med Knut general som "fyk" ut av startgropa.

 

 

Eit start bilde til.

 

 

Så frå løypa..

 

 

 

 

Tru om "mjølkesyra" er vorte til "soft-is" her -- ???

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Siste bilde og litt av den nye teknikken med å slå til stauren -----,,,

No skjønnar De sikkert kvifor me brukar leddstaur og ikkje kvist av bjørk eller liknande ----- :-)))))))

Takk for ein triveleg fredagskveld i løypa !!!

 

Startside

Innhald og form: ludopil design    drift: nettstyrar          Denne sida er sist oppdatert den 21.07.2010