Høgfjellskameratanes SuperCup

 

 

INTERNASJONALT FIS RENN 22.-24. FEBRUAR

Takk!

3 dagar med internasjonale FIS renn i alpint er over. På ny kan me gratulera eit framifrå arrangørkorps med ein strålande utført jobb. Dette på tross av dårleg vær og mykje nykjelmannskap som har måtta melda forfall.

Eg skal overbringa helsingar frå TD, jury, lagleiarar og trenarar som alle takkar og skyt mykje over innsatsen. Eit døme; ingen andre FIS renn i vinter har hatt så gode løyper som har halde så godt heile omgangen som i dag! Det siste er som kjent særs viktig for dei unge som skal skaffa seg punkter.

Når ein ser attende på ei helg som dette, bør ein stilla nokre spørsmål.

Skal me halde fram med slike tilskipingar? Er slike renn verdt arbeidet, eller slit me for mykje på for mange?

Underteikna er ikkje den rette til å svara på dette. Eg meiner at Voss – Ørnar alpint må ta ein brei diskusjon om saka ikkje minst saman med støttespelarar som supercupen og einskildpersonar som me berre ser i Bavallen når det er renn.

For min del meiner eg eit vilkår må vera til stades for slike renn seinare: At dei ikkje vert lagt til vinterferien. Dette er viktig for foreldre. Men og fordi me då kan dra nytte av idrettslina på folkehøgskulen som portvaktar.

Eg antyda til Svein Bye på NTG Geilo at me må ta ein slik diskusjon. Han svara; gjerne diskusjon, men Voss får ikkje lov til å seie nei!

På denne bakgrunn vil eg takka supre supercuparar, foreldre, veteranar, besteforeldre, løypedrengjer og andre som med smil og entusiasme aldri sluttar og gle meg og andre med si dugnadsånd.

Jon Tvilde

rennleiar

Startside

Innhald og form: ludopil design    drift: nettstyrar          Denne sida er sist oppdatert den 21.07.2010