Høgfjellskameratanes SuperCup

 

 

DET ER DEN DRAUMEN
 
Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
 
Olav H. Hauge

Startside

Innhald og form: ludopil design    drift: nettstyrar          Denne sida er sist oppdatert den 18.02.2007