Høgfjellskameratanes SuperCup

 

 

Høgfjellskameratane

Ein laurdagsettermiddag når godstolen er god,
då står ein gjeng og trampar i ruskevær og sno.
Med startnummer på brystet og humøret på topp,
dei skrir ned frå Hangur med ein spenstig kropp.
REFR:    Me er Høgfjellskameratar i Super-cup
            spreke og unge i sinn.
            Gleda den er "nesten" like stor
            om me tapar eller vinn.
Her finn du gamle stjerner som eingong vann pokal,
ilag med amatørar med klipesko frå sal.
Alle er me ovspreke og glade i litt fart,
det sitrar nok i nerver når me står på start.
REFR:  Me er - - -
 
Ein evig kamp med løypa og me oss sjøl´,
i slalåmrenn og fartsrenn, rart at ein vert støl?
"Eg rota litt i henget.  Slo du meg i dag?"
Tider samanliknast i eit lystig lag.
REFR:  Me er - - -
Når renna dei er over då festar, dansar me,
på skiseksa i gamal stil eller Super-cup supè.
Av høgfjellskvalitet me er ein samansveisa flokk
som stiller opp til neste år - me får visst aldri nok!
REFR:  Me er - - -

Jon Aske

og kva med ein prolog ?

Startside Opp Askepott Foto 2000 Resultat 2000 Bytebua 2000 Taoe 2000 Gjestebok 2000 Supercupsongen

Innhald og form: ludopil design    drift: nettstyrar          Denne sida er sist oppdatert den 02.01.2001