Høgfjellskameratanes SuperCup

 

Gjestebok 2000

Her er du velkomen til å skriva meldingar, kommentarar og helsingar - send som direkte til redaksjonen, så skal me lima dei inn øvst på denne sida.

Dersom du er redd borna dine skal lesa og sjå innhaldet på desse heimesidene - klikk her ! 

28. juli
Nå har familien Grambo kommet seg i orden her i Kristiansand.  Det er faktisk slalombakke her også, den kan sammenlignes med "unnarennet" på hoppbakken i Bavallen (det er sant).
Jeg tror heller at jeg får melde meg inn i vannskiklubben.
Sommerferien er vi ferdige med, nå jobber vi og sliter etter gammel vane.
Med nøttebrun hud og sommerøl-smaken friskt i minne, så går det greit å jobbe her nede.
 
med hilsen startnummer 128 ( han med 82 poeng  i sesongen 2000) mgrambo@c2i.net

 

14.juni
Historien om ekkornet (natabjød`n) var eit fint sommarinnslag på desse sidene.
Kanhende det er fleire som, etter å ha sett historien om natabjød`n på det store østland, finn ut att det kan vera ein god ide å senda litt stoff (gjerne med bilde) om opphold på treningsleirar og andre leirar (det er ikkje nødvendigt å røpa alle hemmelegheitene om treninga) til redaksjonen.
Redaktøren greier sikkert å laga det meste til på sidene.
God sommar.

 

27.april
Pga.arbeid får eg diverre ikkje anledning til å vera med på årets viktigaste renn, 25 ÅRS JUBILEUMSFESTEN.
Vil med dette få ynskja dykk alle TIL LUKKE MED FESTEN (og hugs litt frå songen "Du skal få ein dag i morra ---- ")
Takkar for ein fin sesong, og vil nok innom heimesidene utover sommaren for å sjå korleis det går med moltebløming osv.
Har no store planar om korleis oppkjøyringa til neste sesong skal vera, men dei planane er internstempla ---(?), enno.
 
martin      martkyte@online.no

 

4.april
Jeg takker alle "Supercupparar" for en fin sesong.
 
Skulle noen lure på hvorfor jeg kan finne på å forlate denne vakre bygda så  er forklaringen grei. Jeg er lei av Joikakaker med appelsinsmak og Heimabrygg !  Takke meg til reker og hvitvin.
Til Stein (og Ulven) vil jeg si takk for en fin heimeside.  Det eneste minuset  må være at jeg nesten ikke kommer med på resultatlisten, kan det ha noe med K2 skia eller grunntreningen  å gjøre, ja hvem vet.
 
hilsen Morten G.  mgrambo@c2i.net

 

4.april
Ei lita helsing frå Bavallstunet.
Takk for hyggeleg besøk 25 mars (kvifor held ikkje alle ut lika lenge som Jo, Ste,Ni,Lø og Ma ??)
Lykke til med jubileumsfesten, og neste år lovar eg dykk knallhard konkurranse (på ski!)
Til slutt ros til Stein for kreativ og fin heimeside.
Sportsleg helsing frå Øyvind.     resep@bavallstunet.no

 

2.april 

Hei supercuparar nu har også jeg fått dott n.o
til Alf vil jeg bare si at jeg trenger ikke kjøpe meg tid for å slå deg.
Det gjør jeg akkurat når jeg føler for det.
 
Ellers vil jeg takke generalen for en fin sesong.
hilsen Hjalmar.  hjalmaraarsheim@c2i.net 

 

13.mars 

Vil berre gjera merksam på at Sjur Ringheim har kjøpt mine blåe Fisher slalåm-ski.  Som lakkerar hjå Johs. Seim A.s vil truleg skia verta kamuflert-lakka i ein annan farge. Sjur'n har nemleg planar om å gjera kombæk i løypa. Kanhende kjem han på fartsrennet til helga. Så sjå opp karar i super men.
Helsing frå general Jon.

 

19.februar 

Vart han skremd av ulven ?

Laurdagsmorgonen fekk eg sjå noko sjeldsynt:  Ein mårkatt i fullt sprang rett framføre meg - i koffertløypa under Bavallsheisen.  Fyrst trudde eg at det var Per Inge på snjoskuteren som hadde støkt han ut, men i ettertid har eg tenkt at det kunne vera at han flykta frå ulven, som ikkje fann dopapir?

helsing avtroppande   team@K2.no

 

18.februar

Vyrde General og konkurrentar !
De kan slappa av - ettersom eg er invitert til treningssamling ein annan
stad i landet - kjem eg ikkje på fartsrennet den 19/2 !  Dermed får de ha
lukke til og hugs: Tyngden på yttste skia i svingen og ikkje uroa
tidtakarane.  Eg kjem sterkt attende og har framleis mykje fart i kroppen -
pass deg Lensmannsdreng !!
Kjell - superstartar !   kjell.fuglehaug@nrk.no

 

14.februar 2000

Ulv på Tråstølen

Etter denne utrulege historia om jenta som møtte ulven på Tråstølen, har eg kome til at heile problemet er rett og slett dei få "avtreda" me har i løypene på Hangur og i Bavallen.  Kan hende var det ikkje ulven ho møtte, men ein trengjande Supercupar som såg slik ut.  Sitjande på huk i snjoføyk bak ei gran kan ein sjå fæle ut, då er det lett å ta feil.  Så eg seier til dykk alle:  ROP IKKJE ULV FØR DE ER HEILT SIKRE!

HELSING FRÅ GENERALEN   jonaske@online.no

 

8.februar 2000

Info frå nr.90, klasse Super Men

Etter å ha vore på treningsleir ( nokon seier det er betre med ein ----- i timen enn ein time i -----!!) med god utsikt til Vikersundbakken ved fleire høve ( var det der me skulle ha neste renn?? ) var det godt å koma heimatt for å sjå att desse heimesidene med nye resultatlister osv.
Ut frå resultat/bilder under og før rennet/og gjesteboka har eg funne ut at det har vore "skarp" konkuranse. Men det ser ut som føret og løypa har lurt fleire.
Til to av gjestebokskribentane: Skismøring er eit eige fag. I fleire høve (særleg med blaut snjo) krev det at smyrjefrekvensen vert utført i henhold til gjeldende bestemmelser ( PR952N) samt at støtteapparatet fungerer godt.  Ei kveldsstund med kantfiling og grunnsmyrjing er nok i det minste laget.
Diverre ser det ut som at undertegna ikkje får delta i renn nr. 6-7 heller men kjem hardt tilbake i siste (--!!??!!--) renn. Skal halda meg oppdatert gjennom denne heimesida ( alltid like spanande nyheiter) om utviklinga i denne klassen.
 

 

5.februar 2000

Som kommentar til start nr.85, vil eg seie at det verkeleg står respekt av sisteplassen i SuperMen (tyngre junior), særleg når ingen andre hadde fall eller disk !  Likevel har eg ein mistanke om at 85 hadde teke låneskia likevel, og dei nypreppa låg att heime eller i bilen ?   Var det nokon som stod attmed 85 i køen som la merke til om han hadde Rossignol-skia eller lånecarvingane ?  Eg er takksam for svar i denne spalta !

helsing start 86     øvre@putlo.no

 

5.februar 2000
Hei trauste Supercuparar som trossa regn og blåst i dag.
Etter å vore inn på den flotte Supercup sida og kikka på resultat lista for renn 5, ser eg at det ikkje hjelpte med korkje Samarin eller Nyco under skia i dag.  Eg hamna langt nede på lista, slått av dei fleste, ja av alle i klassen . At Stein skulle slå meg (Harry og), det må vel vera fyrste gongen, ja ja.  Eg må nok smyrja skia mine sjølv heretter skal eg koma lenger fram på resultat lista.
Tenk om Martin hadde vore med i dag, han hadde eg kanskje slått.
Til neste renn skal eg få tak i den gamle hoppsmørningen "La Humla Susa", den som vart laga borte på Nedkvitne før siste krig.  Eg lurer på om ikkje Jon Grevle har att litt av den. Jon bur jo på Nedkvitne og han vant klassen sin idag, så her luktar det av "La Humla Susa".
 
Helsing start.nr 85    alono@online.no

 

3.februar 2000

Eg er storlegen imponert over heimesidene til "Supercuppen" - og dessutan er eg svært einig i det som no vart skreve om dugnad og køsniking - MEN: det er ein ting til som er viktig:  Folk som kjem i mål må halda seg vekke frå tidtakarane og tidtakarskrivaren - Det er veldig forstyrrande når 4-5 hæseblesande slalomkøyrarar heng over aksla di og lurar på tida si og om han eller ho slo naboen. VENT til alle er i mål !
Ellers var det godt å vera tilbake i løypa, sjølv om løypa var noko krapp i enkelte svingar. Eg trur løypesetjarane skal skjerpa seg litegrann og hugsa på at vi har med nye og urøynde folk som lett kan bli skremt vekk att dersom det blir for vanskeleg - og no meiner eg sjølvsagt ikkje meg sjølv ! Sjølv var eg veldig missnøgd med innsatsen. Eg fekk ikkje vist kva eg er god for - eg har mykkje meir inne - men eg fekk liksom ikkje farten ut av kroppen - men det skal retta seg på laurdag !!
helsing Kjell - superstartar   kjell.fuglehaug@nrk.no

 

1.februar 2000

Helsing frå Bavallsvegen 112

No har eg endeligt funnet heimesidene til supercupen, der var det mykje fint stoff godt jobbet til den el, dei som  arbeider med denne siden.
Har en kommentar til siste resultatliste KOR HAR HJALMAR KJØPT DEN GODE TIDEN,er det muligt for andre også og få gjøre en sådan handel?
Håper på posetivt svar

mvh. Alf  Kristiansen       gullfrid@c2i.net

 

31.januar 2000
Halloen. No er eg og online. Flotte foto og flott fest!!
Dersom de samlar på adresser: mi er: egdug@online.no
 
Helsing Else Gerd

 

29.januar 2000

Som eit lite tilleggstips til Stein H. sin framifrå demonstrasjon av smyrrjing med Samarin kan eg opplysa å ha gode røynsler med Nyco i brusande form under midten og med ein knust dispril frampå tuppen. Dette er spesielt for glatt føre og det er ikkje så verst etterpå heller.
Helsing OleKå  (fjellvant).      okskorve@online.no

 

21.januar 2000

Flotte sider de har på internett, synd at eg no har gjort austlending av meg
ellers så skulle eg møtt opp på Myra i kveld, lykke til vidare.

Skihelsing frå
Jan Gjeraldstveit  jan.gjeraldstveit@jbv.no

 

16.januar 2000

PRESSEMELDING FRÅ START NR 85 OG 86 - SUPER MEN.

Etter at resultatlista frå renn 2 (særleg fyrste omgang) vart kjend, er det frå nokre av våre konkurrentar, framsett påstandar om at dei ikkje kan forstå kvifor dei er blitt så dårlege på ski ?   Me vil på det sterkaste åtvara mot slik negativ tankegang i det positive miljøet i SuperCupen.  Slike påstandar er å snu saka fullstendig på hovudet - det er faktisk me som no er blitt så mykje betre !

 

15.januar 2000

Etter fleire forsøk, har eg endeleg fått registrert meg som internettbrukar.  Eg har lese heimesida, og ser på dette som eit svært godt tiltak.
 
Helsing Bjarne betjent.       bjarne.brand@c2i.net

 

7.januar 2000

Morten Grambo
mgrambo@c2i.net

Hallo Stein! Jeg klarte ikke å komme ned i "hokki" pga.jula.  kommer slank og veltrent tilbake den 14.01.00   hilsen Morten i Sk.mo.

 

7.januar 2000

Martin Kyte
martkyte@online.no

Til Direksjonen og heimeside redaksjonen: GODT NYTT SKIÅR Heimesidene er god reklame for Supercupen Første rennet vel i hamn. Flått resultatservice. Veret som så ofte før. Må vist trena meir til neste gong ------! Lukke til vidare.

 

6.januar 2000

Vyrde General (Avtroppande) !

Eg hev fengje invitasjon til ein 50 års dag på Lillehammer til helgi og
misser soleis det fyrste rennet men eg helsar alle konkurrentane mine og
vonar dei blir diska heile bunten !!
Neste helg må eg truleg reisa til Oslo ein tur og dermed misser eg det 2.
rennet og,  men i so fall kan du helsa konkurrentane mine og sei at eg er i
kjempeslag og kjempeform og at eg kjem frykteleg attende når det lir på
sesongen - i år er eg god - betre enn på lengje!
Hev eit godt renn - eg vonar det kjem til å regna og blåsa noko aldeles
forjev....!!

Helsing frå han Kjell Snurrepip !! 
kjell.fuglehaug@nrk.no

 

1.januar 2000

jon aske

jonaske@online.no
Sidan datamaskina mi såg ut til å tåla 2000 smellen, sender eg ei helsing om GODT NYÅR til alle Høgfjellskameratar. Me sjåast i løypa på fredag! 

Helsing frå general Jon.

 

23.desember 1999

marianne

msvaeren@online.no
Høgfjellskamerat, i Skjerpestunet 13, med ektefelle ønskjer alle andre ihuga skientusiastar ei god jol. ms

Gjesteboka skulle jo helst ha vore interaktiv, men er diverre dårleg - med tosidig, bilateral lungebetennelse og ligg til observasjon på Rondo med brev og besøksforbod.  (Lensmannskontoret vil førebels ikkje kommentera årsaka, men i fylgje sentralt plasserte kjelder i Fredheimskjellaren - har redaksjonen grunn til å tru at det kan vera feil bruk av Riga-balsam.  Rigabalsam skal visstnok ikkje påførast med strykejern !).

Sagt på ein annan måte - me skulle nok fått det til med ei slik interaktiv gjestebok, men redaktøren må inn i mydlo også få høve til å smyrja ski og niste - sjodna katten, måka snjo og kanskje også vera litt på arbeid !

Copyright © 1999/2000  Høgfjellskameratanes SuperCup.

Startside Opp Askepott Foto 2000 Resultat 2000 Bytebua 2000 Taoe 2000 Gjestebok 2000 Supercupsongen

Innhald og form: ludopil design    drift: nettstyrar          Denne sida er sist oppdatert den 31.01.2003