Høgfjellskameratanes SuperCup

 

Me kan sjølvsagt ikkje halda alle disipinar oppdatert med nye foto frå Bavallen gjennom heile berrmark-sesongen - det ville gjerne bli noko einsformig.  Redaksjonen er også på tur utanbygds, og har difor tenkt at det kan vera mogleg å laga heimesidefyll med historier frå andre kartblad.

Me har tidlegare skrive om møte med mårkatt og synt foto av steindaud tiur.  Ekorn (eller natabjødn - som dei gamle Milzow-indianarane seier), er sjeldsynt i Bavallen - men me har faktisk observert dette dyret midt i kontortida på Nedre Tråstølen og ein av våre aktive har også fortald oss om ei nesten-ulukke i Bavallsvegen.

Eirik vert SuperCupar i 2017, og i pinsa var han på besøk austafjells til bestemor og bestefar.  Bestemor har eit slikt hus-ekorn, og kvar ettermiddag i pinsa fekk me besøk:

 

 

 

 

 

 

 

Og så vil vel nokon spørja om dette var noko å skriva heim om ?
Eirik vil nok minnast godt - slik som han er glad i alle levande skapningar, og ekornet vart i det minste mett på å gøyma hasselnèter og vaffelkake.
 
Du òg må hugsa på å skriva dine gode minne - i di dagbok.

Startside Opp Ekorn Loman surfitte Vagle Ingen hare

Innhald og form: ludopil design    drift: nettstyrar          Denne sida er sist oppdatert den 23.09.2002