Høgfjellskameratanes SuperCup

 

 

Generalstaben finn det diverre naudsynt å koma med nokre ordforklaringar:

Fyrst skal me sjå på ordet dugnad

 

DUGNAD:

Me har sett etter i Statuttane - § 8: 

Til kvart renn vert det teke ut ein løypesetjar og 3 medhjelparar som er ansvarleg for at løypene er klare til fastsett tid.  

Alle deltakarar må hjelpa til med arrangementet - så som tidtaking, skriving og transport av staur.

Kommentar frå Direksjonen:

Alle som stiller til start - synast vel at det er kjekt å vera SuperCupar.

Dei aller fleste hjelper til med avvikling av renna - når dei vert direkte spurd.

Litt færre er det som kjem og spør - om dei kan hjelpa til.

Til slutt er det nokre som i tillegg har evna til, på eige initiativ - å sjå at det er noko som skal gjerast;  overta ein radio, stoppeklokker eller resultatskriving - eller det kan vera rydding av staur i løypa etter rennet.

Det er berre desse siste som kan bli kvalifisert til den høgaste utmerkinga i SuperCupen - Slitaren (Johnny Walker).

 

og litevetta om kø-sniking.

Statuttane § 7:

Løparane startar i den rekkefylgja dei kjem til start, utan omsyn til startnummer, alder eller kjønn.  Funksjonærar / medhjelparar har rett til å snika i køen.

Kommentar frå Direksjonen:
Me har fått melding om tilløp til uro i startkøen om dette, men finn det likevel på sin plass å minna om at mange av våre løparar har skiftarbeid og ofte er på vakt, sjølv om dei stiller på renn.
Og om så var, at nokon tek seg tilrette heilt utanom folkeskikken, ja så kan vel me andre berre snu oss og sjå hin vegen, den positive - for SuperCupen må ikkje bli meir alvor idag enn slik det var tenkt hausten 1975 - me skal ha det moro på ski !

 

Startside Opp

Innhald og form: ludopil design    drift: nettstyrar          Denne sida er sist oppdatert den 03.08.2003