Høgfjellskameratanes SuperCup

 

 

17. mai 2003 på Voss

Opplegg og regi:  

SuperCupen i samarbeid med NRK 1

Desse er med:

Stig - 17. mai talar

Kjell - programleiar Brynjel - pinsehare

 

Stig laga verkeleg god Vossareklame i Norge Rundt fredagskvelden.
 
Kjell Superstartar og Kule-Kari vil garantert lyfta bygda vår enno nokre pensjonspoeng høgare etter denne 17. mai-laurdagen. 
 
Pinseharen Brynjel er førebels berre godt nøgd - veit ikkje anna.
 
Både Stig og Kjell har eit heilt apparat rundt seg;  regi, skript, fotografar, lydfolk, sminke, bunadsloft, sylvsmedar, lensmann og lensmannsdrengjer, ordførar, Ørnar, parkeringsvakter som har fri, ny asfalt i Vangsgata, kloakk/internett-portalen til Teknisk innpakka i bjørkeris, og heile Gråsida er ei einaste stor miljøgate. 
 
Men Brynjel er nok den som kan gle seg mest!
- ikkje til barnetoget, folkatoget, 10 isar, halvkoka idrottslagspylsa, hotell-øl til nesten 60 kroner for dame-halvlitar, skeive blikk til Bordøler eller Bulkarar om kven som no skal få låna hotellstolen / no er det min tur i øl-køen.  

Det Brynjel ikkje veit, er at i neste veka vil han få damebesøk frå Lundarvegen!

Til lukka med dagen!

helsing Stein (og Brynjel).

Startside

Innhald og form: ludopil design    drift: nettstyrar          Denne sida er sist oppdatert den 18.02.2007